Sv: Ruter - dyrest i verden. Hvordan utøve forbrukermakt som virker?
Det er synd at ikkje myndigheitene legg meir til rette for at det skal vere enkelt å kjøpe billettar. Samtidig, med fleksikort/månedskort fungerer det heilt fint. Eg fyller opp på nett, og får kjøpt billetter sjølv om eg bur langt unna næraste utsalsstad. Det krev litt planlegging, men det gjer det i resten av verda også.
I Warszawa koster 24-timers bilett på bussen 18 kroner. Der er timelønna for ein industriarbeider 7 kroner timen. 24-timers billeten kostar altså 2,5 timelønner. Her ligg minstelønn på 120-150 kroner timen, og 24-timers billetten 75 kroner. Altså 0,5 timelønn.
Eg kjenner eg blir litt irritert over at "alt er så dyrt i Norge". Vi gløymer veldig ofte å sjå det i forhold til lønnsnivået. Prisane er høge i Norge, det merker vi på varer og tenester, men dersom vi samanliknar med lønna, er det jammen ikkje så fælt her, likevel.
|