Sv: Få du noen sinne lyst til å bare riste folk og be de få livet sitt under kontroll
Eg har ein venn som stadig rotar det til. Han er no 38 år, men lever framleis som om han var 20 år. Han har stadig nye prosjekter på gang men klarer aldri å fullføre. Han har no begynt på sitt tredje forsøk på å ta ein mastergrad etter å ha gått lei dei to andre gangane. Nytt fag kvar gang. For to år sidan fant han ut at han skulle totalrenovere 2-roms leiligheita si så han reiv ned alle innvendige veggar inn til stenderverket. Så gjekk lufta ut av ballongen, så leiligheita er no ein 1-roms med dassen midt på golvet med eit provisorisk forheng foran.
Han byttar stadig jobb og sjonglerer alltid mellom to-tre jobbar samtidig.
Forhold til damer roter han også alltid til.
I tillegg driv han med ekstremsport og har hatt to veldig alvorlige ulykker der han nesten døde. Likevel fortsetter han med denne sporten.
Eg ristar han ikkje akkurat, men eg prøver å gi råd uten at han har bedt om råd, uten at det ser ut til å hjelpe.
Dei siste åra har eg lurt på om han kan vere bipolar. Av den typen som er mest manisk og ikkje har så mange depressive periodar. Men eg har ikkje turt å nevne det sidan han har litt fordommar mot psykisk sjuke og difor sannsynligvis ville blitt fornærma. Må prøve å finne den riktige måten å ta det opp på. Synd om han fortsetter på denne måten dersom det er mulig å få hjelp!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Sist redigert av Simone : 15-01-12 kl 22:10.
|