Sv: Boktips, videregående skole
Eg har ganske gode erfaringar med "leseverkstad" på VG1 ST. Då har vi gått saman fire lærarar på fire parallellklassar, og lese to bøker kvar. Så har vi latt elevane velje mellom desse bøkene. Då er det rom for differensiering. Dei sterkaste hos oss har lese Morgon og kveld av Jon Fosse, som var litt ambisiøst, men veldig lærerikt, medan dei svakaste valde Yatzy av Harald Rosenløw Eeg eller Doppler av Erlend Loe. Det er veldig spennande å sjå, korleis for eksempel den gruppa som las Haiene av Jens Bjørneboe, plutseleg skjønte analogien og det gjekk eit lys opp for dei. På yrkesfag har eg også gode erfaringar med å lese Skyskraperengler.
Eg trur Ett öga rödt, som er nemnd under her, kan vere godt egna til å dekke dette med oversetting.
Når det gjeld dette kompetansemålet, går det jo an å få dekka det gjennom litteraturhistoriepensum også på VG2. Vi las utdrag frå Hamlet parallelt på norsk og engelsk, i fjor. Vi las også H. C. Andersen sitt "Skyggen", då vi kom til romantikken, og fleire svenske dikt.
|