Sv: Jeg synes ikke likestillinga har gått for langt MEN
Eg skjønnar kva du meiner, Nooria.
Eg er heime i permisjon med barn nummer tre no og gruar meg til permisjonen er over. Ikkje fordi eg ikkje likar å jobbe, men eg gruar meg til kvardagsstresset. Gruar meg til å stresse rundt frå tidlig morgon til seint på kvelden for å rekke skule, barnehage, jobb og fritidsaktivitetar.
Eg er skikkelig dårlig husmor, så å bli husmor på heiltid er heilt uaktuelt for meg. Eg treng å gå på jobb og føle at eg duger til noko. For eg er flink i jobben min og får masse skryt der. Skryt er godt for sjølvtilliten! Det er dårlig med skryt her heime, dessverre 
Men eg kunne virkelig tenkt meg å bremse ned litt og jobbe redusert. Aller helst vil eg at mannen også skal jobbe redusert. Men det ville ført til såpass kraftig fall i inntekt at vi måtte ha droppa dyre feriar og muligens kutta ut SFO på eldste. Og vil eg eigentlig det?
Eg er ateist, så eg er ganske så overbevist om at eg ikkje får mi lønn i himmelen eller eit liv til etter dette. Så kva er eigentlig vitsen med å slite seg ut på denne måten? Kva får vi igjen for det? Ein god pensjon?
Dersom det er alt må eg innrømme at eg ikkje syns det er nok.
Samtidig veit eg at eg er med på å forsinke likestillinga dersom eg velger å jobbe redusert samtidig som mannen fortsetter i 100% stilling. Men eg veit søren meg ikkje om eg orkar å ofre meg for likestillinga sålenge eg veit at eg og mannen er veldig mykje meir likestilte enn dei aller fleste andre par eg har møtt. Vi deler alt av husarbeid 50/50 og pappaen er minst like engasjert i barna som eg er. Han har også tatt 3 mnd permisjon med alle tre barna. Han ville helst hatt meir, men det blei vanskelig på grunn av amming. Så eg føler ikkje at det ville vere noko steg tilbake om eg gjekk ned til 80% stilling.
Men kjenner eg meg rett kjem eg ikkje til å gjere det likevel sidan eg er hardt ramma av flink-pike-syndromet. Det ville ikkje bli godt likt av arbeidsgiver om eg gjekk ned i stilling og mannen min vil nok heller velge å ha det litt sjuskete i heimen framfor at den samla inntekta i husstanden skal gå ned. Han syns også det er travelt, men vil heller at vi skal droppe husarbeid for å frigi tid 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|