Sv: I disse jakttider
Eg er for jakt, og det er faktisk noko eg kunne drevet med sjølv. Både jakt og slakting er noko som fasinerer meg. Ikkje dreping i seg sjølv, men alt arbeidet rundt. Der det er telling av dyr, så få vurdering av bestanden og kvote på antall dyr. Deretter kjem jakta og så slakten til slutt. Jakt er nødvendig for å sikre nok mat til dyra og for å halde bestanden nede.
Her i området jakter ein på hjort og småvilt, og ein skal ikkje finna på mykje tull før ein ryk på hovudet ut av jaktlaga, og dermed vert utestengt frå jakt. Hjort er eit skadedyr, både for bønder og hageeigarar. Dessuten trekker dei ned til vegen, og dessverre har det skjedd at det har ført til kollisjonar. Men jegarane i området tek oppgåva si på alvor. Dei fell det som må tas, og legg ut fòr i skogen til resten om vinteren.
Dessuten er vilt godt kjøtt.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|