Sv: Superlæreren?
Håvard Tjora har vel den same utdanninga som andre lærarar, men han har eit engasjement som eg saknar hos fleire. Derfor gleder eg meg til foredraget eg skal på, fordi eg håper (og trur) at noko av dette engasjementet kan gni litt av på oss som høyrer på.
Serien har fått augene opp for mange at skulen i Norge ikkje held mål på alle områder, og forhåpentligvis vil det bli gjort noko med det. Eg likar Tjora sin måte å tenkja utenfor boksen mange sitter fast i. Men det er jo heilt klart at han hadde ikkje oppnådd dei same resultata i ein vanleg klasse, uten hjelpa han har i serien. Og så lurer eg på om han verkeleg går tilbake som vanleg lærar når han er ferdig med master, eller om han blir nok ein "superpedagog" som forsvinner ut av ordinær undervisning.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|