Sv: Sunne og "morsomme" matpakker?
Her er korleis Planet Box ser ut i bruk. Døme på typiske matpakkar her i heimen.
Her er alt "laina" opp ein tidleg morgon. Det går nokså raskt å fylle, og eg er fornøgd med at ein tross alt får plass til tre brødskiver.

Jentungen sin boks. Forøvig glutenfri, utan at det egentlig er synleg Ho har med ein pølsesnabb, smurte skiver, makrellboks (til den som ikkje er smurt - kniv blir lagt ved), nektarin, nøtter og mandler, fiskekaker med agurk, plommer og tomater.

Gutungen på 6 år er meir kresen i matvanane, men vi har greid å innføre pålegg (smurte skiver under papiret der. Ellers elskar han nektariner og plommer, så det må med. Han et mandler, men lar gjerne hasselnøttene ligge. Ellers er det fiskekaker frå dagen før blanda med kutta agurk. Ingen stor grønsaksspiser, men agurk er topp. Han likar gulerøtter også, så det har han ofte med. Ei skorpe med ost på blei også med, fordi det var plass 
Her er boksane slik dei er når dei er i veska. Dei treng ikkje ha veskene egentlig - boksen går ned i sekken, men dei likar å ha veskene i handa.

|