Sv: Sunne og "morsomme" matpakker?
Opprinnelig lagt inn av Syrin, her.
Eg har ikkje testa ut med kjøleelement enda, men det bør absolutt fungere, for boksen er jo i stål og vil lede kulden godt. Det er ei lomme på innsida av veska som kan ha kjølelementet, og det vil da havne oppå boksen. Vurderer å bestille denne her som kjøleelement. Eg trur ein mjuk pose vil egne seg betre enn ein hard dings.
Boksen er ca. 19x25 cm, grovt målt opp. Den er mindre enn eit A4 ark. Ca 4 cm. tjukk og sklir derfor greit ned i ein sekk (dersom ein ikkje har veske). Hengslet på boksen er lett for barn å få opp, og verkar å vere solid nok til at boksen ikkje opnar seg (med mindre ungen er veldig uvøren med å dra ting opp og ned av sekken).
Boks utan veske kjem på ca. 190 kroner, og da er du jo under grensa. Om eg reknar rett da? 35 dollar er da 190 kroner? I tillegg kjem frakt, men denne inngår IKKJE i verdien, slik at pakken skal gå glatt gjennom.
Boks med veske, og i tillegg to små metallboksar som passar inni kostar 326 kr. Når ein kjem over 200 kr inngår også frakt i summen som er avgiftsbelagt.
Om du deler opp bestillinga, så kan ein jo komme under grensa, for ein kan bestille veske og boksar separat. Sidan eg skulle kjøpe to fulle sett gadd eg ikkje splitte opp i fire ulike bestillingar.
Toll og moms? Hugsar ikkje. Eg berre trakk kortet Det var på hundre og noko.
Trur faktisk eg må prøve å bestille en slik. Ønsker nemlig en med flere rom og kjøleelement, men de andre jeg har sett er så svære.
Litt mer mas: dersom en har matboksen oppi den medfølgende veska, går den da greit opp og ned i en 1.klassesekk? Er matboksen tett uten veska? Tenker ikke å ha i suppe osv, men at smårester, litt yoghurt osv ikke lekker ut i sekken!?
Tusen takk for hjelp med masse spørsmål!
|