Sv: Om tidlig ultralyd og dette med sykdommer man kan finne der
Opprinnelig lagt inn av Hattifnatten, her.
Dersom det er OK å bestemme seg for abort i uke 18 er det ingen som kan si noe på at man aborterer en gutt fordi man ønsker seg en potensiell shoppingvenninne.
Ikke at så mange ønsker det, men det vil være mulig. I dag vil man ikke kunne gjøre det på en like enkel måte.
Dette er ei grov nedvurdering av dei aller, aller fleste potensielle foreldre i verden, altså, og er nokså unødvendig å dra inn i diskusjonen. For dei som event. måtte vere ute etter barn kun av "rette kjønn" o.l., finst det rikeleg med private tilbod å nytte seg av.
Det som blir diskutert i forhold til tidleg UL er svært ofte "sorteringssamfunn" og plukke ut rette kjønn o.l. luksusproblem. Tidleg UL kan sjølvsagt også nyttast til dette, men svært ofte er det snakk om å oppdage store misdanningar på eit tidleg stadium, misdanningar barnet kunne blitt født med, men ikkje nødvendigvis overlevd meir enn nokre få timar etterpå. Eller misdanningar som det er mogeleg å gjere noko med, dersom det blir oppdaga tidleg nok. Dette bør også vere med i rekneskapen når ein diskuterar tidleg UL eller ikkje, ikkje det evige "Åh, då kan nokon kanskje sortere vekk barn fordi det ikkje passar så godt med akkurat det kjønnet/den funksjonshemminga/osb."
Er alle som diskutererer tidleg UL eller ikkje klar over at ved seinabortar blir det sett i gong fødsel av barnet? Ingen narkose og quickfix. Dersom det blir oppdaga alvorlege misdanningar i ordinær UL, gjerne misdanningar som ikkje er forenleg med liv, og du bestemmer deg for å avbryte svangerskapet må du pent gjennomgå fødsel. Å måtte gjennomgå ein fødsel av eit barn du veit ikkje vil overleve, er ein svært traumatiserande situasjon for dei fleste. Dersom dei alvorlege misdanningane kunne blitt oppdaga på eit tidlegare tidspunkt, så du kunne gjennomført ein standard abort, kva ville du ha valgt då?
Eg må innrømme at eg er naiv nok til å innbille meg at dei fleste blivande foreldre verkeleg ynskjer seg barnet i magen, samtidig ser eg ingen grunn til at dei skal gjennomgå verre traumer enn nødvendig dersom det er store skader på barnet.
Er det forresten statistikkar på årsaker til seinabortar? Det kunne vore interessant å sett om det verkeleg er eit problem at funksjonshemmingar blir valgt vekk, noko eg ikkje har inntrykk av i mine kretsar. Å måtte føde barn som har store indre misdanningar, er dessverre noko som fleire har måtte gjennomgå.
|