Sv: Pynte til jul ...
Nokon her sa at lilla og rødt ikkje skulle kombinerast, men eg likar det, og brukar gjerne lilla, rødt og orange saman Og rosa. Og turkis, og grønt så klart Eg er skikkelig glitter-kråke. Eg kan godt like skandinavisk jul med pynt i tre, tråd, grått og rødt, men eg er veldig tiltrukke av alt som blinkar og glitrar.... Når det gjeld lys derimot, vil eg ha det kvite, og helst små lys på treet (som aldri kan bli overpynta). Og eg tar det vel litt med ro når det gjeld pyntinga i adventstida; det blir vel mest i veka før jul. Men kvar dag i desember, fram mot jul, gjer vi noko julegreier, eg og ungane. Det startar med adventstjerna. Deretter er det f.eks at ei skål med nøtter blir satt fram, ein annan dag tar vi juleskrubb av kjøkkenbenken (eg er ikkje så nøye med julevask sånn egentlig altså). Vi kan klippe og lime pynt til treet ein dag, vi kan lage julepresang til oldemor (tegne f.eks), synge ein julesang (enkelt og greit), pakke presangar ein annan dag, eller besøke pepperkakebyen i sentrum. I fjor tok eg bilde kvar dag faktisk, og har satt det saman til eit adventsalbum for 2009. Er jo berre å flæsje av eit mobilbilde 
|