Sv: Sukk - kveldens underholdning ble ikke som planlagt
Usj, ekkelt!
Mamma fekk ein type møll i hus. Det er visst nok eit kjend problem ved møller og bakeri. Ho fekk den i hus ved hjelp av ein kornblanding. Det var eit h.....e å bli kvitt. Dei hadde møll omkring øyrene i vekesvis, og helga før skadedyrfirmaet kom i hus var det reine marerittet med møll overalt! Dei formeira seg i eit grusomt tempo.
Ho fekk Axa til å betale skadedyrfirmaet, samt kompensasjon for øydelagt mat. Dei uendeleg mange timane ho brukte på å skure kjøkenskap vart ikkje "belønna" men det er greit nok.
Poenget mitt;
Mel og andre kornprodukt bør definitivt oppbevarast i tette beholdarar. Takk for påminning!
Spørsmålet mitt;
Kvar får ein tak i egna beholdarar til mel- og kornpakker i dei ulike storleikane?
Håpar du blir kvitt gjestene, dei små altså.
__________________
Bergensis
|