Sv: Har sødmekrav til hva som er godteri endret seg på en generasjon?
Mine ungar er glad i bær - av alle typar. Sjølv likte eg ikkje rips, og syns vel framleis det er litt surt.
Mi erfaring når det gjeld det søte er litt motsatt av trådstartar. Eg syns at besteforeldregenerasjonen vil ha det mykje søtare enn det vi har lært oss til. Min far (over 70) f.eks syns at jordbær utan sukker på ikkje er verdt å smake på ein gang. Han likar heller ikkje dei meir syrlege yogurtane. Og han syns synd på mine barn som må ete denne sure maten. Mine foreldre brukar mykje sukker på grauten, det skal knase i sukker i lefsene, etc etc. Kanskje det er slik at ein åt søtsaker sjeldnare før, men at dei var desto søtare.
|