Sv: Så utrolig tragisk. To jenter omkom etter å ha havnet i sjøen.
Opprinnelig lagt inn av Sitron, her.
Jeg er bare så uendelig lei av at folk trekker frem tragedier fra nyhetene og klistrer de inn her, som om vi ikke får nok fra media.
På eit diskusjonsforum må ein kunne diskutere aktuelle ting. Og det som er aktuelt blir gjerne definert ut frå det som står i avisene eller er på TV.
Artikkelen "Husmor Happy" førte til ein diskusjon om korvidt det er greit å vere husmor i staden for å jobbe. Programmet til Harald Eia førte også til diskusjon her inne. Og Hanne Nabintu Herland sine uttalelser i media.
Er det kun når det er dødsfall involvert at det ikkje skal vere lov til å diskutere saker frå media?
Om denne saka f.eks skulle føre til ein diskusjon angåande det å miste eit barn i ei ulykke, så må det vere lov. Det er ikkje sosialpornografi. Å starte ein diskusjon om kven som eventuelt måtte ha skyld i denne spesifikke hendelsen er ikkje greit, men det er noko heilt anna.
Denne saka skapte virkelig følelsar i meg og fekk meg til å tenke på då min lillebror døde i ei ulykke då han var barn. Og eg har fleire gangar i dag prøvd å forestille meg kva eg ville gjort viss dette var mine barn. Men eg klarar ikkje eingang å fullføre tanken fordi det er så grusomt. Syns det er ille dersom det virkelig er slik at det er tabu å diskutere det fordi foreldra kanskje er medlem her inne. Kan aldri tenke meg at dei syns det er ille å lese at andre syns det dei opplever er fælt.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|