Sv: "Vi som IKKE tok vaksinen mot svineinfluensa, og lever ennå!" (Facebook)
Er einig med rine. Stiller meg totalt likegyldig til sånne grupper.
Ingen tvil om at media-hysteriet omkring svineinfluensaen tok heilt av. Og då meiner eg begge sider: Både dei som hausa opp sjølve influensaen og dei som var motstander av vaksinen.
Og nei, eg er ikkje vaksinemotstander. Gjorde mi borgerplikt og tok vaksinen. Angrar heller ikkje på det. Og eg syns det var heilt greit at myndigheitene anbefalte å ta vaksine. Men enkelte i helsevesenet var totalt hysteriske. Gjekk ut i avisene og anbefalte folk å ikkje ta bussen og bruke munnbind osv. Og at alle som ikkje var vaksinerte burde isolere seg og lever som eremittar for å unngå å smitte andre. Og at ein skulle holde seg heime i ei heil veke dersom ein kjente antydning til forkjølelse. For det kunne jo vere svineinfluense sidan enkelte fekk ein veldig mild versjon.
Det er eit faktum at svineinfluensaen var langt mindre alvorlig enn det vi blei forespeila. Ja, mange blei alvorlig sjuke (ca 200 på intensivavdeling) og nokre få døde. Og mange av dei som døde var unge. Men det døyr langt fleire unge i trafikken kvart år.
Men før eller seinare kjem det vel ein skikkelig alvorlig pandemi, så det er jo greit at myndigheitene og samfunnet får øvd seg litt på å takle på det. Vi får sjå på hausten 2009 som ei generalprøve til "the real thing".
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|