Sv: Dødshjelp
Opprinnelig lagt inn av Esme, her.
Jeg tror du har helt rett i dette. Men mener du at det betyr at man skal ta mindre hensyn til ønskene hos den som ønsker dødshjelp? Eller mer hensyn?
I eit samfunnsperspektiv synest eg det er svært skummelt å opne opp for å legalisere drap (som aktiv dødshjelp pr. i dag juridisk sett er karakterisert som). Det kan fort bli eit paradigmeskifte ein ikkje anar konsekvensane av. Eg ser absolutt dei liberalistiske autonomi-argumenta, men på eitt eller anna tidspunkt meiner eg at omsynet til samfunnet som heilskap må komme først.
Eg meiner at retten til å leve bør vere større enn retten til å få hjelp til å dø, og eg meiner difor at assistert sjølvmord ikkje bør legaliserast. Både av omsyn til enkeltmenneske og av omsyn til samfunnet som tross alt blir forma av vektlegging av liberalistiske vs. fellesskaps- argument.
|