Sv: Den største kamelen av dem alle - mobil til tiåring
Mobil er definitivt ikkje den verste kamelen ein må fordøye i løpet av åra. *erfart*
Vi hadde kontantkort på første telefonen til eldste, no har vi eit eller anna abbonnement der ein betalar 200 kr pr månad, og ho kan ringe og sende SMS for heile beløpet. Det er absolutt ikkje ringinga som kostar pengar, men SMS og nedlasting av musikk. Ho er 11 år, og fekk sin første mobil då ho vart 9 år.
Kriteriet for mobil her var mest mogeleg musikktelefon, så vi kjøpte mobil ut frå kva som var tilpassa dette. Andre likar at det er best mogeleg kamera på telefonen, nokon likar best å spele osb, så kva telefon ein skal velge avheng av kva den skal brukast mest til. Erfaringsmessig er det vel ringing det er minst av mellom dei ungane eg kjenner til, iallfall, men som første telefon kan det likevel vere greitt å ha fokuset der. Det er veldig greitt å kunne ha mogelegheit for å få tak i ungane på ein enkel måte, og at dei kan få tak i oss, dersom det skulle vere noko.
|