Sv: Stresser desember deg?
Eg har aldri stressa med jul. Eg har adventsstake og julestjerne oppe no, men gjer ingenting anna før etter 18. desember verken av vasking, julegåver eller noko anna. For meg er jula kos, avslapping og familie. Ikkje perfekt bakst, nevaska hus og store haugar med julegåver. Kanskje pussar eg dei litt for skitne vindua (eller får mannen til å gjere det ), men dersom eg føler at eg har overskudd så bryr eg meg ikkje med det. Sjølvsagt kjøper vi gåver til familien (søsken, ungar, foreldre o.l.), men ikkje store og råflotte gåver.
|