Sv: «B.ms.g.tt» på tv
Kritikken mot NAV her går vel (utifrå det eg har fått med meg) på at han ikkje har forstått konsekvensene av flyttemeldinga si. Eg ville jo satt meg grundig inn i noko slikt, særlig etter alle dei sakane med folk som har blitt feilaktig dømd for AAP-svindel etter å flytta innad i EU. Men det er ikkje alle som har kapasitet til å forstå konsekvensene av alt og gitt at det stemmer at han ikkje forstod at han mista trygderettigheiter av å flytte frå Norge, burde saksbehandlar ha informert om dette.
NAV er skikkelig dårlege på klarspråk. Eg har, som nevnd tidleg i tråden, sjølv fått brev eg ikkje har forstått og eg har over gjennomsnittet god tekstkompetanse. Det er ekstra problematisk så lenge ein god del av brukarane av NAV-systemet ikkje nødvendigvis har dei beste kognitive ferdighetene. Sånn sett trur eg ikkje denne historia er unik.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|