Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

- Demp ammepresset

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 14-07-07, 19:35   #10
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.787
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Sv: - Demp ammepresset

Eg hadde fryktelig dårlig ammeerfaring sist. Orkar ikkje gå inn på heile prosessen, men det var fryktelig mykje tårer, blod, snørr, sveitte og oppkast.
I møte med helsevesenet da Knirkaren var omlag 3 veker, fekk eg litt bakoversveis. Dei einaste som møtte meg med empati og forståelse i den totalt fastlåste og fortvilte situasjonen, var ei helsesøster frå Finland og ein gynekolog frå Færøyane. Alle dei andre (norske) eg traff opplevde eg som arrogante og lite empatiske. Eine legen presterte å legge armane i kors og spørje om eg ikkje ville det beste for barnet mitt. Da hadde eg 40 i feber, kasta opp for kvar amming, ein CRP på 350. Eg var dønn sliten og veldig sjuk. Den kommentaren sendte meg rett i krampegråt.

Etter ei veke med intravanøs antibiotika og hjelp til ammeteknikk, meistra me ammingen sånn passe. Men det vart aldri noko kos. Verken eg eller Knirkaren vart komfortable med ammingen, og det var ein lettelse for oss begge da ho puppe-streika ved 6 mnd.

Mange kommenterer kor flink eg var som holdt ut amminga i 6 mnd. Eg synes slett ikkje eg var flink. Eg var sta og dum!

Eg var naturleg nok svært spent på korleis amminga skulle gå denne gongen. Med kyndig og tett veiledning fekk me det til. Eg har ein hudsjukdom som gjer amming vanskeleg, og ingen av legane på hudavdelinga trudde det ville la seg gjere. Eg er svært takknemmelig for at det fungerer både for mor og barn.


Skilnaden på no og forrige gang låg i oppfølginga. Eg fekk såkalla hekte-hjelp frå første stund. Når det sto på som verst, fekk eg varme omslag, varm omsorg, moralsk støtte og akupunktur. Eg var av ymse årsakar ei heil veke på barsel, og det trengte me.

Eg stiller meg kritisk til dette med antal liggedøgn etter fødsel. Det er særlig to årsakar til dette:
1. amming - dei fleste vil ikkje oppleve vanskar med amminga før det har gått eit par dagar. Mange opplever at vanskane toppar seg når melka kjem for fult 2. eller 3. dagen.

2. barseltårer - ikkje alle opplever denne stormen av følelsar, men for dei som gjer det, kan det virke både skremmande og uoverkommeleg. Ikkje berre for den som blir ramma, også for dei som står rundt. Da kan det vere godt å ha kyndige folk rundt seg.

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 20:15.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no