Sv: - Demp ammepresset
Dette er eit rimelig vanskelig og følsomt tema!
Eg hadde store problem med amminga av min første. Sleit med sårhet, brystbetennelsar og brystnekting (ho ville ikkje ha). Med god hjelp av ammepoliklinikken og ammehjelpen fekk eg hjelp. At eg kom meg over det har ingenting med at eg var meir standhaftig, tålte meir smerte eller var meir sta. Det var berre sånn at det ordna seg relativt greit for meg etter nokre månader med jobbing. Det var fryktelig når det sto på og eg såg ingen utvei, eg er derfor glad for at nokon kom og fortalde meg at det kunne godt hende at ting gjekk over dersom ein gjorde slik og slik.
Heldigvis møtte eg på folk med respekt og omtanke og eg følte meg aldri pressa til å amme. Det må vere motivasjonen til mor som er den viktigaste drivkraften. Eg er kjempeglad fordi eg kom over kneika, først og fremst fordi morsmelk er billig (vi hadde veldig dårlig råd), veldig praktisk og veldig koselig. Eg har ikkje spesielt tru på at MM er så vesentlig mykje betre enn MME egentlig. MME vil uansett vere det nest beste i heile verden som ein kan gi ein baby, og det kan ein ikkje klage på (forøvrig er der ein teori om at MM skal beskytte mot at barnet skal få barnediabetes. Snuppa mi blei amma til ho var 1 1/2 år, og fekk diabetes, så ho passar i alle fall ikkje inn der )
Det irriterer meg litt når det står at "kvinner må selv få bestemme hvor lenge de skal amme". Det er ingen som kjem inn i heimen og fortel at det er ulovlig å slutte å amme, og at du blir bura inne eller mister barnetrygda om du gjer det. Om dei meiner at dei må få lov å slutte utan å bli pådytta råd og meining etter at valget er tatt, ja då får dei heller skrive det på den måten. Eg antar at det er det dei meinte. Og der er eg heilt enig.
Eg har nære veninner som slutta å amme tidlig fordi det vart for slitsomt. Og eg såg jo at dei råda EG hadde fått aboslutt ikkje fungerte hos dei. Det er derfor vanskelig å skjere alle over ein kam, men eg meiner det må vere greit å bli oppfordra til å prøve dei råda som finst (om ein har motivasjon for å fortsette å amme), og det må vere greit å slutte dersom ingen råd fungerer.
Usj.. blei rotete dette her, men det var nå det eg meinte 
|