Sv: Er det rart å skrive nynorsk om man snakker ei bokmålsnær dialekt?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Jo, kanskje kunnskap. Eg veit ikkje. Men eg trur det er litt språkkjensle i det og. Men det er kanskje arrogant av meg å seie det. Eg har sett at austlandske elevar har foreldre frå Vestlandet, på måten dei skriv nynorsk på. Eg trur absolutt ein kan lære god og naturleg flyt i språket og, men det er ofte mange austlendingar som ikkje får til dette, til tross for at dei skriv korrekt. Og først då ser det jålete ut. : presiserer:
Ja, men snakkar du om austlendingar som bruker nynorsk som hovudmål no? All språkbruk må jo ha eit band til eit språksamfunn, og det er klart at det går an å skrive uidiomatisk nynorsk, men for meg høyrest det litt rart ut om ein som bruker nynorsk som einaste skriftspråk skulle slite med dette i lengda. Berre fordi han er austlending, liksom?
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)
“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)
|