Sv: Setereservasjon hos Norwegian når man reiser med barn
Eg betalar alltid for å reservere seter hjå Norwegian og kjem likevel rimeleg ut i forhold til SAS på dei fleste strekningar. Det betyr noko for meg at eg får velge seter sjølv og då betalar eg gjerne litt for det når prisen på billetten i utgangspunktet er lav. Dette gjorde vi også hjå Delta og United i sommar. Dette er opplyst av flyselskapa i forkant, og eg har ikkje problemer med det så lenge det er informert om det.
Forrige tur med SAS gjekk over tre strekningar. På alle tre hadde vi reservert seter langt framme ved bestilling og etter innsjekk ved bagasjeinnlevering fekk vi av vedkomande som sat der tildelt seter på aller bakerste rad. På samtlege strekningar. Så mykje for å reservere seter samtidig som vi bestilte altså. Årsaka til at vi ville ha seter langt framme, er at eg har flyskrekk og blir smått hysterisk om eg må sitje langt bak, så det passa dårleg å bli flytta rundt slik, sjølv om vi fekk sitje i lag og ikkje betalte ekstra for det. Ikkje fekk vi flytte lenger fram heller, sjølv om vi hadde utskrifter som viste dei opprinnelege reservasjonane våre.
|