Sv: Er NAV virkelig så ille?
Mjau: Det er derfor eg skreiv over at dette handler om haldningar og krav til kva einskildpersonar skal klare, på samfunnsnivå og ikkje individnivå. Eg les, som eg skreiv over, Kjøkenbenkrealisme av Olaug Nilssen. Og dette med pensjonspoeng er noko alle intervjuobjekta som har vald å jobbe frivillig deltid trekk fram. Dette er folk som faktisk tar ansvar for at dei ikkje klarer å balansere alt og gjer eit anna val enn det samfunnet fordrer, for å få kvardagen til å gå opp. Det mest interessante intervjuet i så måte er med Ingebjørg Eitrheim Norndal på 28 som etter å ha gått på ein smell har vald å jobbe 50% for å få meir tid til å ta seg av dei tre barna sine:
Sitat:
- Før blei du provosert over kvinner som ville vere heime og stelle for mann og barn.
- Ja, eg blei det. Eg meinte heimeverande kvinner var ei katastrofe for likestillinga og eit steg tilbake til kjønnsrollene på femtitalet, men det var før eg var i denne situasjonen sjølv. (...) Eg synest ikkje det er bra om kvinner taper terreng på arbeidsmarknaden, og eg skulle øsnkje at fleire menn valde å arbeide redusert også. Men det er den store samanhengen. Vi må sjå dei små samanhengane også, og i min situasjon føles det som om likestillingspolitikk ikkje har noko med saka å gjere lenger. Dette er vårt liv.
Normen er at begge foreldra skal jobbe 100% og ta seg av alt på heimebane sjølv. Det er ikkje stor aksept for å velje å gjere ting annleis. Vel ein å jobbe redusert, må ein forsvare at ein taper pensjonspoeng og arbeidserfaring. Vel ein å ha au pair, er ein ein kynisk jævel som utnytter fattige asiatiske jenter. Det kan hende at litt meir aksept for frivillig deltid eller (riktig!) betalt hjelp i heimen, ville gjort noko med sjukefråveret blant småbarnsforeldre. Eg veit ikkje, men eg trur det.
Vi har vald å ha betalt hjelp i huset nå ein periode. Vi bruker opp feriebudsjettet på det, men det er verdt det, fordi vi får kvardagen til å gå opp (situasjonen vår er litt annleis, for eg er i permisjon, men eg er for sjuk til å ta meg av ungen min). Og det er viktigare enn ferie akkurat nå. Når eg snakker med folk som er sååå slitne at det er så vidt dei klarer å jobbe men som ikkje har råd til å jobbe redusert, som likevel har råd til å reise på sydenferie tre gonger i året, kjenner eg at eg stiller spørsmål ved om dei kunne prioritert annleis for å få kvardagen til å gå opp.
Då mor mi veks opp, jobba mormor 75%. Det var ganske sjeldan at ei kvinne jobba så mykje i småbarnsperioden. Dei hadde praktikant og vaskehjelp, som avlasta heime.
Viss vi ser på det reint historisk, er det ganske spesielt at begge foreldra skal jobbe fullt i småbarnsperioden. Det er ikkje sikkert dette bare handler om kjønnsroller og likestilling. Det kan hende at det at ein er heime, er det som skal til for at kvardagen skal gå opp. Og det kan hende at det at samfunnet insisterer på at begge foreldre skal jobbe, er eit gode vi må betale for med høgare sjukefråver.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|