Sv: Interessant kommentar til sorteringsamfunnet
Eg er heilt einige med Primrose og Matilda.
Etter det eg kan sjå, var det i følge Medisinsk fødselregister i 2005 33 av 244 der DS var einaste årsak til seinabort, i tillegg til 10 der DS var kombinert med andre alvorlege sjukdommar. Det betyr at det er langt fleire årsaker til seinabortar enn DS, og desse bør også kome meir med i debatten. Dessverre endar slike debattar ofte opp i beskrivelsar av gleda ein har av velfungerande barn med DS og spørsmålet om vi verkeleg ynskjer å "utrydde" desse og, då blir debatten heilt feil.
Med min bakgrunn er fokuset i debatten mogelegheit til å avslutte svangerskap der fosteret har fått påvist skader, ikkje foreneleg med liv, på eit så tidleg stadium som mogeleg. For dei aller, aller fleste som endar opp i ein situasjon der valet blir seinabort, er det heilt andre årsaker enn DS som ligg bak, nemleg ikkje liv i det heile tatt, eller liv med store plager, smerter og/eller handicap. Eg føler vel at alt dette blir feia vekk og gløymt i debatten.
|