Sv: Vil ha overgrepsanklaget ordfører tilbake
Dersom det er tidsavstand frå Oslo som er målestokk stemmer i alle fall mi erfaring dårlig inn i bildet av at det er så vanlig med eldre kjærestar på bygda. Eg voks opp ein stad som er timesvis frå både Oslo, Bergen og Stavanger. Det vanlege var at jenta var 1-2 yngre enn guten. Det var stas om han hadde lappen ja, så statusen steig veldig for gutane når dei blei 18. Det var litt sjokkerande når veninna mi på 15 år blei saman med ein som var 18. Før ein var 16, så holdt ein seg helst med dei på same alder.
Eg tvilar på at dette er spesielt mykje meir vanlig på bygdene, truleg finst det store lokale forskjellar. Ergo er folk på bygdene like ulike kvarandre som folk i byane.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|