Sv: Boller - leter etter oppskrift
Kan det vera denne ?
Denne oppskrifta fann eg inne på det detsoteliv.no
Og eg kan annbefale dei. Litt rar oppskrift kanskje, men bollane blei heilt perfekte. ( sjå bilde )
Ingredienser:
1 liter melk
300 g smør
250 g melis
100 g gjær
1,5 kg kveitemjøl
0,5 ts kardemomme
Pynt: Melisdryss
Framgangsmåte:
Kok opp melk, smør og melis. Avkjøl blanding til den er fingervarm. ( det er dette som gjer bollane så luftig og fine )
Rør gjæren ut i væsken. ( dersom ein bruker tørrgjær slik som eg gjorde, har ein dette sammen med mjølet )
Bland i kardemomme og kveitemjøl. Elt deigen til den er smidig og fin.
Trill bollane ut med ein gong. ( nei dei skal ikkje heva først ) Eg delte deigen i to og hadde rosiner i halvparten og lagde vanlige kveiteboller av andre.
Så skal dei stå og heva lunt i 1 time.
I oppskrifta står det at dei skal steikast ved 250 grader i 7-8 minutter. Eg turde ikkje å ha ovnen på så masse. Då ville dei blitt svidd. Trur me hadde den på ein 225 grader sånn ca.

__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|