Sv: Gruffetråden #11
Jeg var på foreldremøte 1 klasse VGS i går. Foreldrenes fortvilelse var tydelig, gråtende fortvilte foreldre. Barn med alle typer utfordringer trenger virkelig ikle denne streiken etter covid. Antall som droppet ut av denne skolen var 30 stk i fjor, dobbelt så mange som de to foregående årene.
Kanskje dere leste Hilde Sandviks innlegg.
«Etter at eg skreiv om skulestreiken i går - og var på NRK Vestland i dag, har eg fått så mange historier frå djupt fortvila folk eg tenker no er viktig at kjem fram. Om barn som nyleg hadde slite seg ut or coviddepresjon og skulevegring og starta på ny frisk - for så å bli sendt ut i streik og no er i ferd med å krype attende i skalet sitt. Ei mor sa "Eg trur ikkje eg vil greie å få henne tilbake". Om ein far som etter skulestart hadde fullt hjarte av endeleg å sjå barnet ønske å komme tilbake til skulen etter å ha droppa ut dei siste månadene i vår. Og no mistar han henne igjen. Om barn som slit med helsemessige utfordringar og treng spesialhjelp. Og enno meir dramatiske ting vi ikkje aner om eller ser. På den andre sida. Om foreldre som betaler privatlærar no (kven kan det) fordi dottera (avgangselev) ikkje greier å studere sjølv. Og korleis skulle dei ha lært det dei to siste åra? Nokre greier seg sjølvsagt alltid. Men når verken KS eller Utdanningsforbundet ser ut til å ta innover seg at koronagenerasjonen (eg hatar det ordet) ikkje er ein alminneleg ungdomsgenerasjon, så blir eg ein smule sjokkert. Og så kjem argumentet: Det passar aldri med streik. Nei - det er sikkert sant. Og så freistar streikegeneralen å snakke fint om at dei streikar for framtidas barn. Er ein barn no, er det ei nokså mager trøyst, for ikkje å seie nokså hånleg. Særleg strategisk kommunikasjon er det ikkje. Eg trur longcovid i denne generasjonen kjem til å arte seg på uartige måtar som vil prege framtida vår. Nyleg kom undersøking som viser at ein av tre studentar slit psykisk.Det er lett å trekke på skuldrene av det og snakke om snøflak. (Det kan også gjerne eg gjere). Men nett no sjonglerer KS og Utdanningsforbundet altså nokså uforsiktig med heile årskull. Så: ved å velge strategien at dette er for framtidas barn, kan det virke som ein har bestemt seg for å ofte samtidas barn. Det er nokså rått .»
__________________
06 & 08 .
|