NRK-programmet Innafor
Har nokon sett det?
Eg såg første episode i kveld og blir sittende igjen med en litt rar smak i munnen. Programmet er laga av ung, pen, smart jente i slutten av 20-åra og skal ta for seg ulike skambelagte saker. I dag var det om intimkirurgi. Fokuset er sjølvsagt å sette dette på dagsorden og konkluderer med at alle er like fine uansett. Men programmet er innom kirurgen, pornoindustrien og programleiaren får vurdert sitt underliv om det er noko ho bør fikse på. Før konsultasjonen grur ho seg og er opphengt i om han vil seie ho skal det.
Programmet er bedre laga enn alle dei grusomme tv2-programma om unge jenter si psykiske helse som har florert men eg er likevel usikker på om NRK treff blink. Eg er så redd for at slike program, sjølv om dei er laga i beste meining, heller vil føle til enda meir fokus på underliv, skam og enda en ting som ikkje er godt nok.
Kanskje nokon andre har sett det med andre auer?
__________________
Gut 02 Jente 05
|