Sv: "Perfekte" liv på sosiale medier
Opprinnelig lagt inn av Maverick, her.
Eg har brukt fjesboka til berre skryt i det siste, fordi det er mykje morosamare å få ørtogfjørti likes på at du sluttar å røyke svært offentleg på Facebook og at du er nøgd med historiekarakter og at du har eit vidunderlig landsted, enn å syte om at du har hovudverk i dag med, ikkje klarte å lage middag, ikkje klarte å vere i stova med familien fordi det vart for lyst og for mykje lyd, og i det heile.
Works for me.
Mykje meir morosamt, er etter mi meining betre nynorsk.
Det er lite glamour på min feed også. Eg trur det kjem an på kor mange vener ein har på fb, eg har 150 nøye utvalde sjeler, og det er folk som eg på eit vis kan identifisere med med. Og så kjem det an på kva miljø dei går i, kva verdiar dei har, og at dei fleste er kloke nok til å vite at fasade er fasade.
Når eg legg ut vellykka-bilde, så blir teksten ofte noko ironisk, eller med ein snert som gjer at dei oppegåande forstår greia. Eg brukar andletsboka mest til fjas.
__________________
 05
|