Sv: Au pair på foreldremøte?
Eg synest for øvrig heile denne debatten er merkeleg. Det at folk har au pair - om dei lar ei av arbeidsoppgåvene til au pairen vere å gå på foreldremøte for seg, er det eit problem? Viss vi forutsetter at forholda er innafor rammene av regelverket, altså at au pairen ikkje jobber meir enn 30 timar i veka, har fri minst 48 timar i strekk til faste dagar i veka og faste fridagar på søndagar minst ein gong i månadan, er det då noko gale med å ha au pair? Ein veit aldri korfor folk nytter seg av betalt hjelp i heimen, men det blir ofte framstilt som om at det å ha au pair er moralsk forkasteleg, for då utnytter ein folk.
Det er mange filipinske og thailandske kvinner som er i Nord-Europa for å tene pengar og fordi dei har ein draum om ein europeisk livsstil. Er det umoralsk i seg sjølv (viss ein ikkje utnytter desse) å ansette dei under ryddige arbeidsforhold og med ein ryddig kontrakt?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|