Sv: Bergensskolen strammer inn permisjonsreglene
Eg ser absolutt argumenta til skiftarbeidande altså! Eg har aldri meint å føyse av det. Men det er ganske mange praktiske problemstillingar som må løysast. I grunnskulen går det på repetisjon og bemanning. På høgare nivå vil ein fleksibilitet låse veker kor det ikkje er mogleg å drive med vurdering og testing. Så det må ganske omfattande endringar til, på systemnivå, dersom noko slikt skal fungere i praksis.
Eksamensvurdering er jo ei moglegheit, men det trur eg for å vere heilt ærleg er ein modell som vil favorisere dei ressurssterke. Dei som ligg på middels og under middels grad av måloppnåing har behov for meir undervegsoppfølgjing i løpet av året.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|