Sv: Hund på flyplass?
Eg er irrasjonelt redd for hundar og synest det er svært ubehageleg med folk som drar hundene sine med overalt. Eg går i lang sirkel utanom, når eg møter dei og blir sur på eigarar som står og roper "Jammen ho er ikkje farleg, ho vil bare helse på!". Eg synest hundar på slike stader er ein ordentleg uting. Eg forstår at det er nødvendig å ha med hundar, når dei skal vere med ut og reise. Men eg synest hundeeigarar bør begrense seg til å ta med hundar slike stader, kun når det er nødvendig. Når vi blir invitert til venner med hund, prøver eg å finne ein god grunn til å sleppe. Eg slapper ikkje av med (framande) hunder rundt meg.
Eg vil og råde deg til å skaffe ein truseløysning som hunden ikkje blir flau av å bruke.
Polyanna, eg hadde same reaksjon som deg, då vi kom til eit vennepar som slapp oss inn og sa "Trø forsiktig, DenBortskjemdeEngelensNamn har løpetid, så det er litt griseri på stovegulvet. At folk drar slikt inn i huset, frivillig... (Sjølvsagt hadde eg høyrd om løpetid, sjokkopplevinga kom av at eg ikkje hadde visualisert det og tenkt på konsekvensene av konseptet).
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|