Sv: Gir man alltid gave når man blir invitert?
Eg ville tvert imot blitt overraska om eg hadde fått gave, frå nokon som var inviterte, men som ikkje kunne komme. Sjølv ville eg bare tenkt på å gi gave, om det hadde vore bryllup, ikkje til bursdag.
Når det gjeld kven ein inviterer, er jo det opp til jubilanten. Og eg tenker at det at feiringa er langt unna og at det blir ein del reising, overnatting og slikt, er god nok grunn til å takke nei. Eg har venner som takka nei til bryllupet vårt av den grunn og nær familie som takka nei til trettiårsdag. Og eg kom ikkje på å tenke at det var ugreit, men det ville vore rart å ikkje invitert desse.
|