Sv: Julesinkesjusker - skal vi forene oss?
Eg byrja desember bra med å ha stålkontroll og usedvanleg god tid. I dag vakna eg til ungar som forkynte at det er to -2- dagar igjen til jul. Kjente eg vart litt kvalm då.
I dag er planen å kjøpe dei siste gåvene (har ca. 4 igjen), baka rundstykker, kransekakestenger og pepperkakehjerter, laga delfiakaka og karamellpudding, pakka inn gåvene, få fot på treet, levera tre hos mamma (inkl. finna og få på den hersens foten), rydda og vaska heile huset (helgevask, det er tross alt ikkje så skittent her) og handla dei siste tinga på matlista. Ja, og storma frå butikk til butikk på desperat jakt etter sjokoladenisse og den beste julebrusen, som alltid vert utsolgt før jul.
Klarer eg alt dette i dag, blir det pynting og kos i morgon. Då skal visst samboar berre jobba halv dag, så då tek me gåverunde og svigermorbesøk også.
Gløymte at eg må kjøpa strømpebukser til oss damer i huset og. Samboar var og kjøpte sin eine gåve i går, så han er visst klar. 
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|