Sv: ABB ikke strafferettslig tilregnelig, hva tenker du om det?
Så vidt eg har skjønt så er vrangforestillingar, når ein snakkar om det som eit symptom ein psykiatrisk kategori, noko som stikk langt djupare enn sære meiningar. Og det er også her skiljet mellom å tru på konspirasjonseteori (eller religion, for den saks skuld) og vrangforestilling kjem inn. Religiøse mennesker trur jo på ting som er utanfor andre mennesker sine kulturelle relativiteter, men det blir ikkje rekna som vrangforestillingar av ein psykiater likevel. Men det er vanskeleg når kategoriar som blir brukt annleis i daglegtalen enn i psykiatrien, plutseleg blir brukt psykiatrisk i daglegtalen.
(Dette er forøvrig bakgrunnen for at ved starten av 2000-talet tok bort "psykopat"-omgrepet frå diagnosesystemet og erstatta det med "dyssosial personlegheitsforstyrring". Psykopat var blitt eit skjellsord og kunne ikkje lengre brukast i diagnosesamanheng).
|