Sv: Hva menes egentlig med "Brølemamma"?
Eg er ei "brølemamma". Eg er hissig og kan brøle høgt. Når eg får roa meg, ber eg om unnskyldning til alle rundt meg. Men eg veit så godt at det ikkje er godt nok. Eg har sjølv vakse opp med ei "brølemamma", forskjellen er vel at ho aldri ba om unnskyld eller såg det som uberettiga. Dei gangene eg har mista beherskelsen og brølt, kjem frykta for å enda som mi eiga mor. Eg jobber veldig med meg sjølv for å forbedre meg, men når eg er sliten hender det dessverre framleis.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|