nokon
23k innlegg
På ein måte synest eg det er eit kvalitetsteikn at eg ikkje nødvendigvis føler udelt sympati med ein litterær hovudperson. Men i denne boka er det noko eg ikkje heilt klarer å sette fingeren på som mangler. Eg lurer på om det kan vere at det ikkje er nokon avstand mellom forteljar og hovudperson, som gjer at eg blir usikker på om karakteren Stoner skal vere helt eller antihelt. Men på ein måte gjer akkurat dette boka til ein spennande tekst i seg sjølv.