Eg har jobba 100% etter begge mine permisjonar. Det er hektisk når eldste er med på mange aktivitetar og vi prioriterar å trene litt sjølve og, men det går. Litt fleksitid og kort veg til jobb hjelper på. Vi prøvar å vere litt sosiale i helgane, men har innsett at det veldig sosiale livet saman med venner står litt på vent i denne perioden. Trøysta er at dei fleste av våre vennar har det på same måten.
Eg amma veldig mykje det første året og fullamma til barna var nesten 7 mnd. Dette tok enormt med krefter, og når barna i tillegg ikkje sov heile natta før dei kom på eige rom då dei var 9 - 10 mnd, var dette nokre av grunnane til at pappaen vart "avspist" med den obligatoriske fedrekvoten, medan eg tok resten. Eg hadde rett og slett behov for å ha nokre få veker der eg kunne lade batteria skikkeleg og kome til hektene igjen før eg starta i jobb igjen. (Eg hadde også beintøffe svangerskap) Hadde vi fordelt annleis, er eg rimeleg sikker på at det hadde enda i sjukmelding etter kort tid, eg hadde rett og slett ikkje hatt krefter og overskot til å gjere ein skikkeleg jobb.
Eg er ikkje så flink til å la rot og støv ligge, men har innsett at eg får vere fornøygd så lenge det er sånn "nogenlunde". Vaskar eg ei maskin med kle eller to for dagen tek det ikkje så mykje tid, samtidig som eg slepp at det samlar seg opp enorme haugar med kle (noko som stressar meg veldig). Eit stikkord i det heile tatt, er vel å prøve å ta ting etterkvart. Når det blir store haugar med kle som skal leggast i hop, oppvask, rot, osv, er det utruleg mykje tyngre å byrje på enn når eg/vi nappar med oss det som skal i skåpa når vi skal inn i det rommet likevel, prøvar å få ting på plass etterkvart og i det heile tatt tar det i forbifarten.
Tv-en er ein skikkeleg tidstjuv, så den prøvar eg å begrense og heller trene litt eller få unna andre ting om kveldane. Det er utruleg kor mykje ein kan få trent utan å gå utan av huset, men det krev at ein er litt bevisst og unngår å ramle ned i sofaen når ungane er i seng.
Trening gjev meg overskot og energi til å takle kvardagen på ein mykje betre måte enn eg ellers ville gjort. Og sidan eg har ein kontorjobb der eg kan ete maten min ved skrivebordet når det passar meg i løpet av dagen, prioriterar eg å ta meg ein kjapp spasertur i lunsjen minst eit par dagar i veka. 15 minutt fram og 15 minutt tilbake i frisk luft gjer underverk både på humør og energi. Enkelte gongar går eg åleine, andre gongar klarar eg å få rista laus ein eller annan av kollegaene mine, og då får vi skravla litt på kjøpet. Anbefalast verkeleg for dei som har mogelegheit til det.
Sliten er ein sjølvsagt innimellom, men dette er normalt sett ein hektisk periode i livet, så det gjeld igrunnen berre å gjere det beste ut av det og finne eit opplegg som passar for seg sjølv. Og innsjå at ein ikkje rekk over alt (jobbar med saka...). Det er viktigare å prioritere seg sjølv enn støvdottane, men det er sjølvsagt ikkje noko som hindrar deg i å ha ei heftig treningsøkt med høg musikk, mopp og støveklut!
Eg har ikkje noko problem med å sjå kvifor mange blir sjukmeldt etter kort tid i jobb igjen, men trur mykje kan gjerast med å rydde plass til seg sjølv og trening i kvardagen, sjølv om det kan opplevast vanskeleg. Og no held eg absolutt alle som er sjukmelde pga ulike sjukdommar, vanskelege arbeidsforhold, sjuke ungar og ellers andre spesielle grunnar utanfor. Det er ei heilt anna sak.
Olvina
9,6k innlegg