Pelen skrev:
Kakler de mye? Det vil si, er der forstyrrende for naboer?
Her har du ein video med ein vaktel som er kjønnsmoden og dermed hyler så høgt han kan i håp om å lokke til seg nokre damer. Ikkje avskrekkande lyd synes eg. ( i alle fall dersom ein samanliknar med ein hane )
https://www.youtube.com/watch?v=_T3KU93FxP4
Pelen skrev:
Kan du fortelle litt mer om forskjellen i bosted sammenlignet med høns? Det hadde vært gøy å ha vaktler på sommeren, syns jeg.
Vaktler vagler seg ikkje og legger seg sjeldant i rugekasser. Dei legger egg overalt. Han som eg kjøpte mine egg frå hadde ein fin fin løysing på bur til sine. Sjå for deg ein litt brei og lang putekasse, som er bygd inntil ein vegg. Som tak har ein netting som kan løftast av. Nedi kassen har ein røtter, stokker, mose, flis og sjølvsagt mat og vatn.
Dei krever heller ikkje utegård på same måte som høns. Eg trur ikkje me kjem til å lage det til, til våre.
Pelen skrev:
Ja, hva lurer jeg mer på? Jo jeg har en bok om hønsehold og har lest den, det var nemlig aktuelt tidligere. Hvordan skiller seg hønsegården, hønsehuset og annet mot vanlig hønsehold, foruten at jeg gjetter at størrelsen på ting er mye mindre? Hvor enkelt kan man gjøre det?
Om man bare har dem på sommeren så er alt så mye enklere med tanke på isolering etc.
Vær obs på at sjølv om vaktelen er liten, så krev den like stor plass som ei høne. Eg trur me har rekna oss fram til at ein kan ha ca 5 pr kvm.
Som nevnt over her, så kan vaktelhold vera noko heilt anna enn hønsehold. Det er litt opp til den enkelte kva ein vil gjera ut av det. Dersom ein kun skal ha dei for egg og fore opp for slakting etter ein sesong ( dei blir berre halvanna år ) så kan ein kjøpa slike bur som
dette.
Blei du litt klokare ? Berre spør meir så prøver eg å svare.