Da er me heime att etter ei fantastisk veke på Rhodos. Har verkeleg kosa oss. Me hadde regn første dagen, overskya andre dagen og knall blå himmel kvar dag etter det. 😀
Me hadde romtype E med havutsikt, supre store gode rom. Svigers hadde romtype D mot hagen, heilt ålreite dei og men litt trongare. Mot hage var ikkje negativt, flott utsikt mot inngangspartiet og omgivelsane og kveldssol.
Bassengområde var flott, minuset er hvis ein har ungar som vil vera i ulike basseng da dei ligg på ulike nivå, ikkje lett å følge med fra ei solseng. Men våre likte seg best i eventyrbassenget så det var der me var. Litt kaldt i vatnet pga at det ikkje er oppvarma. Me var på Sunwing Fanabe på Tenerife i fjor og der var det oppvarma, det er godt for ungar som likar å bade dagen lang.

Ellers vart det ikkje så mange utfluktar, me var i Rhodos by den dagen det var overskya og rusla i gamlebyen, det var fantastisk. Hadde meint oss til Lindos men det vart ikkje. Fekk anbefalt det av fleire før me reiste og fleire der nede sa det var veldig bra. Det for bli neste gong. 😉
Sandwichen nede på stranda i campingbilen var kjempegod, verdt eit besøk ja.
Me har storkosa oss.

Skal legge inn eit par bilder i morgo når eg har overført.