bina skrev:
Dette kan kanskje komme som et sjokk på enkelte, men det hender at også jeg blir misforstått. Jeg har alltid hatt en lett tone i forhold til kolleger, hvor jeg spøker, har selvironi og små-slenger litt med leppa. De aller, aller fleste tar dette med godt humør og tar igjen, og det fungerer veldig bra. Men jeg HAR opplevd folk som har trukket seg unna fordi de har oppfattet meg som spydig. Og selv om jeg da ikke HAR ment noe vondt med det, jeg har bare prøvd å tøyse og fleipe og holde en god tone - så er det likevel på sin plass i slike situasjoner at JEG er den som beklager. For greit, det VAR ikke vondt ment, men det ble oppfattet negativt.
Men bina, eg tåler jo det meste frå t.d. deg, og tek meg ikkje spesielt nær av verken at du brukar nynorsk som argument
mot meg tidlegare i tråden eller at du kjem med nedlatande "inn med te-skei"-kommentarar til meg. Eg synest det er unødvendig, men eg reagerer ikkje noko særlig på det. Såpass må ein nesten tåle, liksom.
Likevel kan det ikkje samanliknast med mykje av den dritten eg har opplevd på arbeidsplassar fordi eg er ung kvinne. Det er ikkje små, spydige fleipekommentarar eg er opptatt av. Eg er opptatt av dei kommentarane som i full offentlegheit tek frå kvinner både verdigheit og fagleg tyngde på ein arbeidsplass.
Kva svarar ein liksom når pondusmannen i 50-åra (som er i ferd med å bli fagleg overkjørt av ei jente på 25 under ein diskusjon) brått begynner å le og seier høgt i alle sitt påhør: "oioioi, det er greitt at du er søt når du er sint, men det går ei grense for kor søt ein kan vere når ein er så sint."
Uansett kva du svarar då så har du tapt. Og neste gong vil ein kanskje vere litt meir forsiktig med å diskutere for å unngå ein liknande pinleg situasjon. Liknande situasjonar har eg vore borte i mange gongar. Eg har opplevd å bli skjelt ut av ein leiar fordi eg ikkje fortalte at eg var gravid då eg fekk jobbtilbud (eg var 22 år og 8 veker gravid), og eg har opplevd å bli satt langt bak i køa over aktuelle kandidatar til ulike prosjekt fordi eg vert ansett som mindre kompetent og seriøs fordi eg er ung kvinne.
Det er slike situasjonar eg snakkar om. Ikkje fleipete kommentarar over lunsjen.