Che skrev:
...jeg synes trøndere og bergensere er litt like jeg! - Litt bråkete.
Dette trur eg er omtrent det verste du kan seie til ein bergenser 😀
Eg er ikkje bergenser, men har budd her i over tjue år. Og omtrent alle bergensere eg har møtt har eit anstrengt forhold til trøndere. Uvisst kvifor, men mulig det har med Rosenborg/Brann å gjere.
Eg har eit godt forhold til Trøndelag. Har mykje slekt der og var der mykje i feriar som barn. Særlig i Trondheim. Og eg er sterkt ueinige i at bergensere og folk frå Trondheims-området er like! Begge pratar mykje, men mange bergensere er mykje meir brautende. Sjølvsagt ikkje alle! Dei brautende er gjerne dei eg kallar tjommi-bergensere, for dei forteller ofte ei historie som begynner med «Eg, og så en tjommi…». Eg kjenner mange stille og rolige bergensere også. Og eit par av den snobbete sorten frå dei litt eldre Bergens-familiane som snakkar litt meir slepande og bruker ord som «meget» og «ø». Dei har sin sjarm alle sammen! Dei er liksom ein del av det som er Bergen.
Men også internt i Bergen er det litt «fiendskap» mellom bydelar. Eg bur i Åsane, og her merkar eg at folk fnyser litt av folk frå Fana og meiner at dei er høge på seg sjølv. Og folk frå Fana har fordommar mot folk frå Åsane. Virkar som om dei trur at det berre bur rølpe- folk med lav utdanning her. Eg hugsar spesielt ein gang ein kollega av meg som er oppvokst i Fana skulle i ein 50- års dag i Åsane der ho ikkje kjente så mange. Då var ho bekymra for at ho ikkje skulle ha noko til felles med gjestane og at det ville bli vanskelig å finne noko å snakke om 🙄
Då måtte eg minne ho på at ho snakkar med folk som bur i Åsane kvar einaste dag i lunsjen på jobben.
Eg elskar Bergen, til tross for regnet. Men eg er oppvokst i omtrent samme vær, så eg er vant til det. Veit eigentlig ikkje om noko anna!
Blir nok her resten av livet.