Eg trur jentungen kjem til å få Rogalandsbunad, anten etter oldemora eller mormora. Det er eit par andre kusiner i slekta, men dei trur eg ender med noko frå Telemark, trur dei har slekt der som kan sy slikt. (Prinsippielt sett skal ho få velge, altså, men det hadde iallfall vore hyggeleg om ho vil ha ein arvebunad.)
Eg har budd i Sør-Trøndelag heile livet, faren er frå Sørlandet og mora mi si slekt er frå Rogaland, så det er vel dei tre områda som er mest aktuelle å velge bunad blant, for både guten og jenta, evt kystdrakt eller bydrakt. Eg synes dei skal få velge nokså fritt, også OM dei vil ha bunad, men vi kjem absolutt til å forsøke å påvirke til å velge ein bunad frå der dei har ein viss tilhøyrigheit.
Eg ser for meg at dei får bunad til konfirmasjonen-eller-kva-dei-no-evt-markerer-cirka-då, og då kjem foreldre (evt med hjelp frå besteforeldre) til å betale, så då føler eg at vi har litt (men ikkje alt) å seie om valet også. Vil dei absolutt ikkje ha noko med tilhøyrigheit så er det mogleg vi vurderer å ikkje kjøpe det til konfirmasjonen lell.... anten kan dei betale sjølv eller så kan vi KANSKJE bidra litt seinare, uansett kva dei vil ha. Eg tenker at det for det første er rundt 10-12 år til vi må ta noko val rundt dette (så kanskje eg ombestemmer meg 🙂), og for det andre kan det godt hende ungdommens bastante meiningar om ein bunad som er FIN er langt mindre bastante nokre år seinare, og difor bør få modnast litt.
Sånn som eg ser det no så er bunad ein del av konfirmasjonsgåva, men dei kan ikkje velge å få pengane eller ei anna gåve av tilsvarande verdi i staden. Kanskje set vi av pengane til bunad nokre år seinare om dei ikkje vil ha til konfirmasjonen, men det er ingen garanti for det. Og kanskje får dei litt meir i konfirmasjonsgåve om dei ikkje får bunad (litt dobbelt opp om dei får bunad når dei er 25 altså...), men det er heller ikkje sikkert.
naima
572 innlegg