Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om vårt kosthold eg.. for det første er det ingen "diett". Der er ingen reglar vi må følge. Vi har berre gjort endring i vanane.
Eg føler ikkje vi et meir fett enn før. Protein betyr ikkje nødvendigvis fett. Vi fordeler middagane på fisk, svin, kylling og storfe. Ofte indrefilet av svin, og av kylling brukar vi bryst. Ikkje så fett dette trur eg? Vi har kjøttdeig eller pølse ca. ein gong i veka. Det er muligens det feitaste kjøttet, men er samme mengde som vi åt før vi la om kosten.
Jo, antagelig et vi litt meir bacon enn før, noko som betyr at vi har det til eit måltid ein eller to gonger i veka. Eg et også litt meir røykt makrell enn før, men dette er visst sunt fett?
Eg brukar gjerne heil majones, ekte rømme og meierismør, men det har eg alltid gjort. Til skiva brukar eg soft flora og eg har nokre lett-dressingar også. Eg har ikkje gått hardt inn for å ete mykje fett, men seier ikkje nei takk dersom det er det eg har lyst på.
Når det gjeld frukt har vi omtrent frilslepp, og eg veit at det ikkje er i tråd med ein del kurar (som vi jo uansett ikkje følger). Snuppa med diabetes blir veldig påverka av frukt med mykje sukker. Banan sender henne til himmels i blodsukker; omtrent som sjokolade (vi "reparerer" med insulin altså). Mindre søte godbitar er f.eks jordbær. Det kan ho ete alt ho vil av, og vi har ete enorme mengder i sommar. Vi får støtte frå staten p.g.a hennar kosthold, og dei pengane blir brukt uavkorta til å handle god og fristande mat til henne. Jordbær inkludert! 😀
Liven: du har rett på eit punkt i alle fall; det kostar ja, hovedsaklig i grønsaker, bønner, frukt og egg. Dette er egentlig ting vi hadde ønske om å kjøpe meir av før, men tok oss ikkje råd på ei inntekt. Med støtten vi nå får tar vi oss råd. Litt går til glutenfri mat, men mest til alternativ til brød og pasta, og til heile familien slik at vi et det samme. Lavkabro er glutenfritt 🙂
At det tar meir tid gjeld ikkje for oss, men vil nok vere tilfelle for mange som er van med å bruke heil- og halvfabrikata. Vi handlar inn mat lørdagar, følger handleliste (ein MÅ skrive liste, elles nyttar det ikkje) og legg då opp til sju middagar der 5 av dei skal vere relativt raske. Eg veit alltid dagen i forvegen kva som er til middag neste dag. Og det er deilig å sleppe å rote rundt i butikken etter jobb for å finne ut kva ein skal ha. Ein sparer MASSE tid på å sleppe det der!
Minsten nektar å ete lavkarbo

Så han et brød, brød og brød. Eg gidd ikkje tvinge ein 2-åring til å ete salat; det gir inga meining. Å smøre brødskiver til han kostar lita tid. Han vil uansett berre ha smør på, eller skinkeost
Snart-4-åringen (som har stor, stor fordel med lavkarbo) et som regel maten sin med stor lyst. Vi har både fullkornspasta, naturris og potetmiddagar, kvar einaste veke. Eg trur ikkje ho merkar noko større endring; anna enn at ho får fråtse i ein del matvarer som ho likar veldig godt; ost, skinkepålegg, tomater, agurk, røykt laks og slike ting. Ho har større matglede nå enn før når vi prøvde å dytte i henne brød (som ho jo reagerte på). Der finst glutenfritt brød så klart, men det får ho altfor høgt bloduskker av.
Vi føler at vi må vere oppmerksom på å få i henne nok fiber, sidan jenter på snart fire ikkje nødvendigvis fiber-rike matvarer. Det er vel den største fordelen med brød: det inneheld ein del fiber. Vi prøver å dekke behovet ved å gi henne mat som eple, gulrøtter og bønner.