Eg forstår at folk kjempar for sjukehuset sitt, men samtidig ser eg at ein er nødt til å gjera noko for å oppretthalda rekruteringa av personell. Vår sjukehus kjempar for å behalda akuttfunksjonane, men dei sliter med å behalda gode kirurger. Heldigvis har dei foreløpig gode gynekologer (sender takknemlege tanker) som dei deler med nabosjukehuset.
Men etter å ha sett Jordmødrene på NRK, og fått sett den gode jobben jordmødrene i Alta gjer, ser eg at jordmødre er fullt kompetente til å ha ansvaret. Men det avhenger av at det finnes alternativer i brukbar nærhet. Slik det ligg ann i dag, meiner eg at t.d. Alta har for lang veg å transportera fødande. Ein time bør vera grensa for forsvarleg transport av fødande, og då selvfølgeleg i følge med jordmor. Samtidig bør det vera akuttfunksjon på sjukehuset, for kva skal ein med sjukehus om dei ikkje tar imot akutt pasienter?
Puslingen
4k innlegg