Maverick skrev:
Ah, dette synes jeg er fryktelig vanskelig å forholde seg til, "det er mange som egentlig synes du er teit, men de kommer nok ikke til å si det, for du er så kjip, så dette snakker vi om bak ryggen din i stedet for", det var flashback til ungdomsskolen, gitt.
Pokkern så kjip og sårende kneblingstaktikk, altså! Enten tar man en åpen og fair diskusjon, eller så kan man holde kjeft.
Eg seier ikkje at du er teit, Maverick, og det er ingen som snakkar om deg bak ryggen din. Eg seier at du svarar frekt og eg har observert at du svarar frekt til mange. Du kan vere rimelig sarkastisk og henge ut folk som idiotar. Eg trur derfor det er mange andre som også syns det er litt ubehagelig å diskutere med deg innimellom. Men eg forventar ikkje at dei skal støtte meg på dette, for dei orkar gjerne ikkje å ta den diskusjonen. Eg burde sikkert ikkje gjere det eg heller, for det straffar seg sikkert.
Men dersom du har hatt kjipe opplevelsar på ungdomsskulen der andre har behandla deg dårlig veit du jo korleis det kjennest ut. Så då burde du kanskje ha litt forståelse for at andre kanskje kan føle seg litt mobba av deg (og eit par andre) innimellom? Ord kan treffe veldig hardt.
Eg har ikkje lyst til å dra andre nick inn i denne diskusjonen, men eg syns altså at det er andre også som kanksje burde tenke seg litt om av og til før dei skriv. Du er ikkje aleine om det. Det eg syns er litt rart er at det virkar som om du og eit par andre får lov til å latterligjere og henge ut andre utan spesielt mange reaksjonar medan andre får beskjed med ein gang dei prøver seg.