Hæppi! Er inne på varaliste for Venstre og er ganske audmjuk for at 61 personar faktisk tok seg bryet med å krysse eller slenge meg 🙂 Og så er det jo kosleg at Venstre er 4. størst i Trondheim.
Synd med så låg valdeltaking, men veldig trivelege folk som faktisk røysta - eg var med i stemmestyret i ein krins, og vanlegvis er det ein del sure folk der - fordi vi ikkje bruker konvoluttar, fordi det er registrering etter at dei tar røystesetel, fordi det er kø, fordi det er regn, fordi politikere er teite, fordi valkrinsen er delt i to og dei ikkje gadd lese på valkortet sitt kor dei faktisk skulle - vi hadde alle desse i år også, men med unntak av éin som var i feil krins så var alle blide og smilande, og glade for at nokon faktisk gjorde ein innsats for demokratiet (det var faktisk nokre som takka oss for det).
naima
572 innlegg