Blå skrev:Jeg er veldig sjokkert over alle som har fått stemme uten legitimasjon. :valgnerd: Det skal ikke gjøres med mindre man faktisk ikke har og det er veldig vanskelig å hente.
AOL!
I Trondheim vart det innskjerpa litt i år, til at folk SKULLE vise legitimasjon sjølv om det står at det KAN krevast i vallova (dersom velgar erukjend for stemmemottaker). Trondheim er ein by, alle kjenner ikkje alle - unntaket i vallova er for stader der alle faktisk kjenner alle.
Eg forsto det som at kommunen hadde fått kritikk frå valobservatørar ved forrige val, som hadde sett ein velgar røyste utan legitimasjon, og fått beskjed om at det var broren til han som kryssa... Not quite good, nei!
I 2009 hadde vi to velgarar i min krins som fekk godkjend legitimasjon utan namn, bilete og fødselsdato - ei som hadde 2 id-kort med hhv bilete+namn og namn+fødselsdato, og det var rett før lokalet stengde, og ei dame på over 90 som berre hadde med ei tom veske med ei straumrekning med rett namn på. I 2011 var det ingen som hadde såpass god grunn at dei fekk røyste utan legitimasjon - heim med seg!