Tussa
17k innlegg
Denne tråden fikk meg heilt ned Memory Lane. I mitt kjøkkenskap er glasa ei salig blanding. Mine første glas før studietid i Oslo, halvliterglas frå Hansa stjelt på den lokale uteplassen då vi var 17 og ikkje hadde lov å være der, Ittala-glas som var bryllupsgave den gang da eg gifta meg og fekk med meg frå skilsmissen, glasa mamma og pappa har hatt sida vi var små og som dei satte igjen då eg overtok barndomsheimen og seks kaffe latte-glas som eg kjøpte då eg fekk kaffimaskina mi som aldri laga kaffe latte likevel.