Polyanna skrev:
Syrin: vil du kunne ha i noe "sausegreier" i noen av de rommene? Rømme eller ketchup i det midterste, for eksempel?
Nei. Dei ulike romma er tette i den forstand at ris f.eks ikkje vil forflytte seg til naborom, men dei kan ikkje holde på flytande. Men du kan få kjøpt to boksar som passar til, dei er i metall. Den store er rund og passar i det store rommet (der eg hadde skiver). Den blir sjeldan brukt hos oss, fordi dei pleier nesten alltid ha med nokre brødskiver. Den vesle brukar vi ganske ofte. Den passar ned eit av dei mindre romma (tar halve plassen i det rommet), og her kan ein ha dip.
"Dipparen" har ei silikonplate i lokket som er lett å få ut. Eg vaskar dipparen i oppvaskmaskin, og silikonplata under springen. Loket er ikkje slikt som du skrur - det blir tett ved at dipparen ligg i press inne i matboksen (den er jo lagd spesielt for matboksen).
Eg har brukt denne til å ha rømme/ketchup i, men også fetaost som jentungen er så glad i. Osten har olje på seg, så da er det greit å halde den litt isolert.
Matboksen er 25,5 x 19 x 3,8 cm. Ein kan få kjøpt veldig bra kjøle-element til å ha i veska som passar til. Ungane fortel at drikkeyogurten held seg kald, minst til lunsj. (Danonino drikkeyogurt passar i, men ikkje andre, dei er for store)